Taubru-1.jpg

Mykje læring og moro med friluftsrådet sine taubruer!

Kurs for skule/bhg

Her finn du oversikt over kurs og opplæringstilbod i friluftsrådet.

Kurstilbod for lærarar i "Læring i friluft"

Denne våren arrangerer friluftsrådet kurs for lærarar med dette innhaldet:

Livet i fjøra


Gjer vel og bruk bestillingsskjema til kvart einskild kurs for påmelding/kontakt!
P1030129_6066.JPG

Frå froskeegg til rumpetroll til småfroskar. God rettleiar finn du under menyen "til nedlasting"

Bestillingskurs - ta kontakt!

Friluftsrådet har arbeidd med uteopplegg i skule, sfo og barnehage sidan 1994.
Vi har opp i gjennom åra lært mykje praktisk av organisering , naturkjennskap i ulike naturmiljø og internkontroll og tryggleik. Vi har vore bidragsytar til idêpermane "Læring i friluft" frå Friluftsrådenes Landsforbund

Naturressursar i ditt nærområde
Friluftsrådet ynskjer å hjelpe til med å sjå og tipse om kva som er mulig i ditt nærområde. Friluftsrådet kan og halde kurs i tema og emne som ein finn i "læring i friluft"-permane.

Kurs frå materiell utstyrsbasen
Friluftsrådet har og mykje utstyr til gratis utlån og kan arrangere kurs og rettleiing av anten vaksne, eller vaksne med barnegrupper i alt dette.
Snø og snøskred, snøforming, taubruer, matlaging ute, kajakk mm

Rettleiande prisar er:
Halvdagskurs/kveldskurs kr 3000.- per rettleiar
Heildagskurs kr 6000.- per rettleiar
I regelen sett vi eit tak på ca 15 deltakarar per rettleiar