P5050287_2291.jpg

Ekstra plassar ved Hessa skole 16.- 17.august 2019 >

Påmeldingsskjema til lærarar i kajakknettverket. Dette er ledige ekstraplassar ved kurset som vert arrangert ved Hessa skole

Grunnkurs hav

Grunnkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir grunnleggande innføring i turpadling, sikkerheit og bruk av havkajakk. Grunnkurset handler om å lære grunnleggande ferdigheiter, slik at du kan padle trygt i ei gruppe i skjerma farvatn etter kurset. Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Det er et kjempeartig kurs og det er bare å glede seg! 

Dersom du har eigen kajakk tilrår vi at du tar med den. Hvis ikkje får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.

Ta med godt med mat og drikke (kaldt og varmt). Ta også med ekstra tøy i vanntette poser. Du må enten ha våtdrakt eller tørrdrakt.

Friluftsrådet har nokre få våtdrakter til utlån, men du som deltakar i nettverket vil også få ein rabattavtale med Platou sport på Moa.
Invester gjerne i ei tørrdrakt eller våtdrakt no, men vent gjerne med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Kursleiar:  Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes

Kursstad: Skulenausta ved Hessa skole
Kurset kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padelforbundet: Grunnkurs hav

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Nettverksskule:* 
















Namn:* 
Fødselsdato:* 
dd.mm.år (Vi treng fødselsdato for registrering av våttkort med padleforbundet)
E-post:* 
Mobil:* 
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Kajakkerfaring:* 
Kva kajakkerfaring har du frå før?



Har våttkort:* 
Friluftsrådet må bestille og kjøpe våttkort til deltakarar som ikkje har dette frå før. Har du allereie våttkort med Padleforbundet så får du oblat etter kurset.


Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar, men det vil og fungere som arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitti dette skjemaet.