presenningskast.jpg

Kom ut!

Barn og ungdom

Friluftsliv for barn og ungdom er eit viktig satsingsområde for Sunnmøre friluftsråd. Friluftsrådet  jobbar for at barn og ungdom skal få prøve eit mangfaldig friluftsliv i regionen vår som ein start på livslang glede over å vere i aktivitet i naturen! 

aktivitetar 2019

Friluftsskular
I år arrangerer friluftsrådet friluftsskular for barn i sommarferien i Ulstein, Skodje, Stranda og Ålesund. Her kan du lese meir om friluftsskulane

Padlefestival UNG i Ulstein
Friluftsrådet i samarbeid med Ung Arena Ulstein, Bell ungdomsklubb og Herøy kajakklubb  arrangerer padlefestival UNG ved badeplassen i Eiksund tysdag 13.august.


Grunnkurs UNG
I tilknyting til padlefestivalen vert det arrangert gratis grunnkurs for ungdom på onsdag 14.- torsdag 15.august.


Haustferietilbod - Kom Ut!
I haustferien i oktober vil friluftsrådet arrangere dagsaktivitetar i nokre utvalde områder.