Friluftsr__det-sine-kajakkar-i-bruk.jpg

Skodje 2019 >

Friluftsskule i Skodje i veke 26; 24.juni-28.juni

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca kl 0900-1600, med ein avsluttande overnattingstur.

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Kajakk
  • Orientering
  • Mat på bål
  • Tur
  • Overnattingstur
  • Leikar mm

Friluftsskulen kjem til å ha tre-fire vaksne leiarar som er saman med borna gjennom heile friluftsskulen og i alle aktivitetane.

Leiarane heiter Ingrid Haukalid (koordinator), Sunniva Tennfjord og Benedikte Pettersen

Eventuelle spørsmål om friluftsskulen så ta kontakt med Ingrid Haukalid, mobil 95961504 eller e-post friluftsskule@friluftsraadet.no

Friluftsskulen kan og få besøk av eksterne rettleiarar som er svært dyktige i sine aktivitetar og som vi vonar blir ein ekstra inspirasjon for borna.

Deltaking kostar kr 500.- per barn. 

Du blir sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.  Vi gjer merksam på at vårt påmelding- og betalingssystemet er slik at du må melde på og betale for eit barn i gangen.  Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet to gangar.

Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar. 

Måndag 24.06 - Aktivitetar i Murvika

0900-1600. Bading, mat på bål, taujungel, leikar og aktivitetar

Tysdag 25.06 - Aktivitetar i Murvika

0900-1600. Bading, kajakk, mat på bål, orientering, leikar og aktivitetar

Onsdag 26.06 - Turdag

0900-1600. Turdag, informasjon om turmål og oppmøtestad vert sendt til påmeldte deltakarar, samt førebuing til tureventyr

Torsdag 27.06 - Overnattingstur

 Oppmøte ca kl 0900

Turen er under planlegging

Fredag 28.06 - Tur og avslutning

Rydding av leir, aktivitetar, og retur til kl 1600

Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar.

  • Friluftsskulen har eit tak på ca 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar. 
  • Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.
  • Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.
  • Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar. 

12 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar.  

Påmelding:

05.mai - Beklager det er fullt - med fleire på venteliste. 

Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Meld på i dag!

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.