Aursnesvatnet_i_Ulstein_var_ny_Stikk_UT_-tur_i_2018-sesongen._Foto_May_Britt_Haukaas.jpg


Stikk UT! over for i år

Den 4. sesongen av turkassetrimmen Stikk UT! på Sunnmøre er historie. Onsdag 31. oktober kl. 24.00 var det slutt for i år. Men det er god grunn til å glede seg over den fantastiske oppslutninga turkassetrimmen har fått på så kort tid i medlemskommunene til Sunnmøre friluftsråd.

I år har heile 10 229 deltakarar i 13 kommunar registrert 171 387 turar i perioden 1. mai til 31. oktober! Dette er nesten to tusen fleire deltakarar enn i fjor. I tillegg viser signeringane i turbøkene at vi kan rekne ca. fire personar for kvar som registrerer turen. 58 arbeidsplassar på Sunnmøre har i år vore med på Stikk UT! Bedrift og brukt turkassetrimmen som eit helsefremjande trivselstiltak på jobben. Talet på registreringar i år er nesten like høgt som i fjor, då det vart registrert 178 862 turar. Samanhengande regnvêr i heile haust er nok grunnen til at talet ikkje er endå høgre i år.


Kva dette betyr for folkehelsa i regionen, og for kvar enkelt deltakar, er vanskeleg å måle. For kva er verdien av betre psykisk og fysisk helse, livsglede, gode naturopplevingar, meistringskjensle, å bli betre kjent i regionen og hyggelege møte med andre turgåarar? Om vi prøver likevel, og set ein verdi på kr. 100 pr. tur, har Stikk UT! skapt samfunnsverdiar for over 17 millionar kroner i medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd siste halvåret.

Reknar vi med Romsdal og Nordmøre også, blir talet nesten 46 millionar. Denne sesongen har dei to friluftsråda i fylket gått saman om Stikk UT! og felles nettside. Der har totalt 23 538 deltakarar registrert 458 632 turar i medlemskommunane våre.


For mange er det å kunne konkurrere ein viktig motivasjon for å vere med på Stikk UT!. Årets vinnar på Sunnmøre er Karsten Jan Hellevik i Ålesund, med 331 registrert turar. Han er ein av 10 personar som har vore på alle dei 167 turmåla. I tillegg har han gått nokre turar nord om Romsdalsfjorden.

Meir informasjon og tal på  www.stikkut.no.