Bilde_15.08.2017__12.22.18.jpg

Fisk, reker, krabber og utruleg mykje meir spennande kan ein finne i fjøra

Livet i fjøra >

Friluftsrådet  kan komme til ei steinfjøre i nærområdet til skulen din,  og ha anten eit kursopplegg for lærarane eller undervisning for ein skuleklasse. Og aller helst begge deler!

Kursopplegget er gratis, men med avgrensa plassar

Opplegget

Som lærarkurs startar vi med ei kort farevurdering av naturmiljøet i forhold til å nytte denne lærestaden med barnegruppe. Vi dannar oss også eit bilde av lokaliteten i forhold til kva dyr, plantar, insekt og tang og tare som vi forventar kan trivast her.

Etterpå undersøker vi fjøra i mindre grupper.

Med isbokser og anna ekskursjonsmateriell frå skulen samlar vi inn det som vi finn.

Etter ei stund møtast alle saman og ein ser på det som ein har funne og pratar om funna. For lærarkurset kan det vere aktuelt å sortere funna også etter flo- og fjøresone.

Er det stor gruppe kan det vere ein måte å organisere på at friluftsrådet sin rettleiar går rundt i dei ulike smågruppene og pratar om funna der og har med framvisningseksemplar til ei felles oppsummering.

Flo og fjøre

Ei god fjøre til undervisning og utforsking er ei småsteinfjøre. Denne er artsrik av både fisk-dyreliv og tang og tare. Dersom det i nærleiken av steinfjøra også er svaberg som har dammar når det er fjøre så er det optimalt. 

Ei sandstrand er fin å bade ved - men er relativt fattig i forhold til artsmangfald.

Det bør vere ei eigna steinfjøre i nærområdet til skulen,  

Det er viktig å sjekke flo og fjøre tabellen om når det er så lita fjøre som råd og på eit tidspunkt som høver.

PS - optimal fjøre er mindre enn 50cm innanfor kurstida og aller helst rundt.

Her finn du vermelding og flo og fjøre tabell på ei side: varsel

Prioritering av skular som ynskjer både kurs og undervisningsopplegg!

Dette er eit unikt tilbod om både ein dage med kurs og ein daga saman med ei skuleklasse i eit undervisningsopplegg.

Dag 1 - kursopplegg for lærarane (Minimum 10 lærarar)

Dag 2 - Undervisningsopplegg for ei skuleklasse (saman med lærarar frå dag 1)


Påmelding så raskt som råd


Kontaktinformasjon
Ditt namn:* 
Ditt mobilnummer:* 
Di e-post adresse:* 
Denne e-post adressa vil få ein kopi av påmeldingsskjemaet når du klikkar send. Det er også til denne e-post adressa friluftsrådet vil sende kursinformasjon eller ta kontakt for å gjere avtalar.
Kontaktinformasjon skule
Namn på skulen:* 
Skulen si gateadresse:* 
Vi treng gateadressa for å finne fram til skulen om vi ikkje er kjent i denne kommunen
Medlemskommune:* 
I kva medlemskommune ligg skulen













Ynskje om opplegg
Alternativ:* 
Friluftsrådet prioriterer skular som ynskjer både lærarkurs og undervisningsopplegg. Deretter prioriterer vi eit reint lærarkurs og til slutt undervisningsopplegg med skuleklasse.



Talet på lærarar: 
Kor mange lærarar vert med på lærarkurset? Det må vere minimum 10 lærar, og eit lite atterhald om maksimum tal utifrå lokale forhold, for at vi gjennomførar kurset. Men til orientering kan minimum talet også inkludere lærarar frå andre skular for å fylle opp kursplassane.
Klassetrinn: 
Dersom du ynskjer undervisningsopplegg så gjer vel og fyll ut kva klassetrinn dette er for.
Talet på elevar i klassen: 
Dersom du ynskjer undervisningsopplegg så gjer vel og fyll ut elevtall i dette klassetrinnet her
Ynskje om dag/kveld for kurs:* 
Gjer vel og sjekke flo og fjøre-tabellen og kom med forslag til aktuelle datoar som høver for dykk her. Datoar du foreslår må ha optimal fjøre som er mindre enn 50cm i kurstida.
Tegn igjen
Løyve til bruk av bilde og media:* 
Friluftsrådet treng bilde til dokumentasjon på gjennomført aktivitet. Friluftsrådet treng og illustrasjonsbilde til å marknadsføre liknande opplegg seinare, både på eiga heimeside og i sosiale media. Løyve til bilde gjeld og dersom opplegget får vitjing eller omtale i andre media som aviser ol.


Utfyllande informasjon: 
Fritekstfelt for spørsmål eller utfyllande informasjon
Tegn igjen