Skjermbilde.JPG


Haustturane er klare

Årets andre Naturlos er ferdig. Likar du å gå på tur saman med andre og med lokalkjente leiarar? Då har har du 71 gratis turar å velje mellom fram til slutten av oktober. 

Med økonomisk støtte frå Friluftsrådenes Landsforbund og Møre og Romsdal fylkeskommune gir Sunnmøre friluftsråd kvart år ut to aviser i samarbeid med Nytt i Uka med informasjon om turar i medlemskommunane. Dei fleste blir arrangert av lokale lag og foreiningar, men det er ikkje nødvendig å vere medlem for å bli med.

Turane og arrangementa er gratis å vere med på, og til dei fleste er det ikkje nødvendig med påmelding, det er berre å møte opp. Dette er ein fin måte å bli kjent med andre på og få hyggeleg selskap på turen. Vi håper Naturlos vil inspirere til å vere med på turar du ikkje har gått før. Fleire av dei er Stikk UT!-turmål i 2018.

Ta vare på avisa og plukk ut dei turane du har lyst og høve til å bli med på.

Du kan også lese avisa her: 

Naturlos august-oktober 2018: