DSC00620.JPG

Stikk UT 2018

1. mai opnar Stikk UT!-sesongen 2018. No er det meste klart, sjølv om nokre turar ikkje får på plass kode og turbok før snøen har smelta. Det er likevel nok av turar å starte med: I år har du 381 ulike turar å velje mellom i Møre og Romsdal.  167 turar på Sunnmøre og 214 turar på Nordmøre og i Romsdal.

Årets turar har noko for dei aller fleste: Korte og lange, bratte og flate, fjell og fjøre, kyst og innland. Også dei som vil på tur med barnevogn, sykkel, rullestol eller rullator vil finne turar som passar.

Du finn informasjon om alle turane under det raude Stikk UT!-banneret på framsida av nettsida. Kartbrosjyren blir distribuert til alle husstandane i dei 

13 medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd, i løpet av veke 17.

No er det berre å glede seg - vel møtt til Stikk UT! 2018 frå 1. mai til 31. oktober!

Les meir om Stikk UT! her