P__-fjelltur.-Stafsethneset-friluftsskule.jpg


Sommarens kjekkaste dagar

Fem dagar med kajakk, bål, bading, fjelltur, overnattingstur og mykje anna moro i friluft er berre noko av innhaldet i friluftsskulane vi arrangerer for barn i alderen 11-13 år i skuleferien.  I sommar blir det friluftsskular i Ålesund, Ulstein, Skodje og Stranda. No er det fullt på Stranda, i Ålesund og Skodje, men Ulstein har framleis ledige plassar. Der er påmeldingsfristen endra til 24. juni.

Friluftsskulane har plass til 20 barn og aktivitetane blir tilpassa området den skal vere i. I Ulstein er det Osnessanden, med tur til Osberget ein av dagane og fiske- overnatttingstur til Borgarøya. I Skodje er Murvika base, med overnattingstur i lavvo ved Mevatnet. Stafsethneset i Vegsundet er fast base for friluftsskulen i Ålesund, med overnattingstur til Svinøya i Ellingsøyfjorden.

Friluftsskulane i Stranda, Ålesund og Skodje er fullteikna.

Der er nokre ledige plassar på friluftsskulen i Ulstein. Siste påmeldingsfrist der er 24. juni.

Du finn meir informasjon og påmeldingsskjema her: