Skjermbilde_heile_plakaten.JPG

Bli med i Stikk UT! Bedrift

Bruk turkassetrimmen Stikk UT! til å skape samhald, trivsel og gode fellesopplevingar på jobben, bli med på årets Stikk UT! Bedrift!

Stikk UT! Bedrift er eit eige tilbod til næringslivet med ei spesialtilpassa registreringsløysing. Sidan startåret 2016 har stadig fleire arbeidsplassar brukt turkassetrimmen som eit positivt aktivitets- og trivselstiltak internt - og til å utfordre og konkurrere både mellom eigne tilsette og med andre bedrifter. Vi håper endå fleire blir med i 2018-sesongen.

Bedriftene kan velje mellom tre pakkar til ulike prisar. Den rimelegaste gir tilgang til registreringsløysinga for bedrifter i Stikk UT!. Der kan deltakarane søke etter andre verksemder som er med, få opp topplister, ulike statistikkar og trekke ut vinnarar blant eigne tilsette. Topplista blir rangert etter gjennomsnittet pr. registrert deltakar slik at små og store arbeidsplassar kan konkurrere uavhengig av talet på tilsette.

Dei to andre pakkeløysingane kostar litt meir, men gir bedriftene i tillegg høve til å profilere seg på nettsidene til Stikk UT! og til å sponse eit turmål dei sjølv kan velje.

Stikk UT!-bedrift passar like godt for arbeidplassar i det offentlege, lag og foreiningar som til det private næringslivet.

Her kan du melde arbeidsplassen på i Stikk UT! Bedrift 2018: