Farevurdering og fyrstehjelp
Kurset fokuserar på handtering av både enkle daglegdagse småskadar, meir alvorlege store kutt og brudd samt HLR. Vi snakkar om korleis vurdere fare og korleis handtere og forutsjå farlege situasjoner. Kurset blir hald utandørs og tar omtrent 4 timar.
Friluftsrådet har i over 20 år arbeida for meir og bedre uteskule.
Friluftsrådet starta med dette arbeidet i 1994 fordi vi har eit brennande engasjement for at skulane skal kunne sjå og nytte moglegheitene i sitt nærmiljø til best mogleg undervisning og opplegg for borna.
I 2011 starta friluftsrådet med eit tettare samarbeid med over 20 skular i medlemskommunane i eit "Lærande nettverk". I dette nettverket har friluftsrådet arrangert ulike fagsamlingar og kurs for skulane i nettverket. Som ein raud tråd har mat ute og tur etter evne med utandørs livredning i ulike naturmiljø vore viktig.
Her kan du laste ned referat frå dei ulike nettverkssamlingane
Informasjon om utfylling av skjemaet under.
Skjemaet har tre overskrifter/delar:
1 - Kontaktinformasjon; Ditt namn, mobilnummer og e-post til informasjon og avtalar.
2 - Kontaktinformasjon skule; Vi treng skulen sitt namn, gateadresse og medlemskommune,
3 - Namn på deltakarar. Vi har sett opp 5 felt til å melde på deltakarar til kurset. Eventuelt nytt fritekstfelt til utfyllande informasjon
Kurs i eigen skule eller deltaking på kurs er gratis for lærarar i medlemskommunane til friluftsrådet.
Kurs blir i utgangspunktet gjennomført med minimum 5 deltakarar og med eit tak på 15.
Men vi kan arrangere kurs for fleire deltakarar etter nærare avtale.
Frist for påmelding: så raskt som råd!