20180314_192337__2_.jpg

Bildet frå venstre:
Birger Honningsvåg, Giske, Janet Roelofs, Ørskog, Jostein Dalen, Stranda, Solveig Linge Stakkestad, Norddal, Tollak Mikal Kaldheim, Volda, Karen Høydal, Ørsta, Knut Erik Engh, Ulstein, Modolf Hareide, Skodje, og Vebjørn Krogsæter, Haram.

Eva Hove, Stordal, Trygve Holm, Sula, Skafti Helgason, Vestnes og Jarle Hauge Steffenssen, Ålesund, var ikkje til stades då bildet vart tatt.
Foto: Sunnmøre friluftsråd

Ulstein, Ørsta og Volda er med!

Med stor applaus vart Ulstein, Volda og Ørsta ønska hjarteleg velkomne som nye medlemskommunar i Sunnmøre friluftsråd på årsmøtet 2018. Dermed blir det Stikk UT! i 13 av dei 18 kommunane på Sunnmøre frå sesongstart 1. mai.


Sunnmøre friluftsråd har som mål å samle alle kommunane i regionen i fellesskapen. Med Stranda som nytt medlem i fjor, og dei tre nye i år, er det no berre fem kommunar som står utanfor. Samarbeidet med dei nye medlemskommunane har alt starta, slik at dei rekk å få bli med i turkassetrimmen Stikk UT! alt i år. Og sjølvsagt får dei også del i dei andre tilboda frå friluftsrådet.

Styret i friluftsrådet består av eitt medlem frå kvar av medlemskommunane. Alle dei tre nye medlemmane har valt sine representantar. Knut Erik Engh er nytt styremedlem frå Ulstein, Tollak Mikal Kaldheim representerer Volda og Karen Høydal er valt inn for Ørsta.

Vebjørn Krogsæter frå Haram vart samrøystes attvalt som styreleiar, og Janet Roelofs frå Ørskog tok attval som nestleiar. Dei er også medlemmar i arbeidsutvalet, saman med Jarle Hauge Steffenssen frå Ålesund.