Friluftsr__det-sine-kajakkar-i-bruk.jpg

Skodje 2018 >

Friluftsskule i Skodje i veke 26; 25.juni-29.juni

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca kl 0900-1600, med ein avsluttande overnattingstur.

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Kajakk
  • Orientering
  • Mat på bål
  • Tur
  • Overnattingstur
  • Leikar mm

Friluftsskulen kjem til å ha tre-fire vaksne leiarar som er saman med borna gjennom heile friluftsskulen og i alle aktivitetane.

Leiarane heiter Stina Johansson (koordinator), Ingrid Haukalid, Sunniva Tennfjord og Sigmund Oksavik Mestad

Eventuelle spørsmål om friluftsskulen så ta kontakt med Stina Johansson, mobil 41067803

Friluftsskulen kan og få besøk av eksterne rettleiarar som er svært dyktige i sine aktivitetar og som vi vonar blir ein ekstra inspirasjon for borna.

Deltaking kostar kr 500.- per barn. 

Du blir sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.  Vi gjer merksam på at vårt påmelding- og betalingssystemet er slik at du må melde på og betale for eit barn i gangen.  Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet to gangar.

Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar. 

Måndag 25.06 - Aktivitetar i Murvika

0900-1600. Bading, mat på bål, taujungel, leikar og aktivitetar

Tysdag 26.06 - Aktivitetar i Murvika

0900-1600. Bading, kajakk, mat på bål, orientering, leikar og aktivitetar

Onsdag 27.06 - Turdag

0900-1600. Turdag, informasjon om turmål og oppmøtestad vert sendt til påmeldte deltakarar, samt førebuing til padleeventyret

Torsdag 28.06 - Kajakk- og overnattingstur

 Oppmøte ca kl 0900

Kajakkpaddling- og overnattningstur Svartlökenvatnet - Mevatnet. Overnattning ved Mevatnet i telt og lavvo.

Fredag 29.06 - kajakktur og avslutning

Rydding av leir og fortsett paddling til Aksvollvatnet og avslutning

Aktivitetar, padling og retur til kl 1600

Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar.

  • Friluftsskulen har eit tak på ca 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar. 
  • Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.
  • Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.
  • Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar. 

12 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar.  

Påmeldingsfrist torsdag 31.mai. 

Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Meld på i dag!

Informasjon om deltakar
Fullt namn på deltakar:* 
Jente/gut:* 


Bustadkommune:* 














Fødselsår/alder:* 




Informasjon om føresette
Fullt namn på føresett:* 
Epost til føresett:* 
Mobiltelefon/tlf til føresett:* 
Vi er tilgjengelig på telefon/mobil:* 
Det er svært viktig at friluftsskulen har eitt kontaktnummer (helst mobil) der ein av dei føresette er å treffe under gjennomføringa av friluftsskulen i fall vi skulle trenge å ta kontakt!
Nokre løyver til bruk av bilde og fotografering
Bilde og film i media:* 
Får friluftsskulen/journalistar ta bilde/film til medieomtale under friluftsskulen?


Bilde og film til heimeside, trykt materiell ol:* 
Får friluftsskulen ta bilde/film til heimeside, presentasjonar, trykt materiell og reklame for andre friluftsskular?


Sosiale media:* 
Får friluftsskulen ta bilde/film til sosiale media som Facebook ol?


Løyve til aktivitetar i og ved vatn
Om vatn, bading og båt:* 
Friluftsskulen ynskjer at borna skal få vasse og bade dersom dei har lyst og det ikkje kolliderer med andre aktivitetar. Det blir berre bading/vassing under tilsyn av ein av leiarane. Det blir og kajakk på overnattingsturen. Aktivitet i kajakk blir gjennomført under rettleiing av leiarane.



Våtdrakt:* 
Det er ikkje naudsynt, men kan vere kjekt med våtdrakt i forhold til aktiviteten med kajakk. Friluftsrådet har i utgangspunktet ikkje våtdrakter til utlån. Men har vester og alt anna naudsynt utstyr. I forhold til planlegginga ber vi difor om ei tilbakemelding om deltakar har (eller får låne med andre) våtdrakt til friluftsskulen?


Viktig informasjon, allergi og liknande
Viktig informasjon om deltakar:* 
Har deltakar allergi eller er det anna viktig informasjon som friluftsskulen må vite om? Nytt dette feltet for å gi oss god informasjon. Dette er eit obligatorisk svarfelt. Gjer vel å svar eit kort NEI om deltakar ikkje har allergi eller liknande.
Tegn igjen
Anna
Fritekstfelt: 
Her kan du skrive utfyllande informasjon til friluftsskulen. Du kan skrive beskjed til leiarane om det er ting vi bør vite eller prøve å ta omsyn til. Dette feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt.
Tegn igjen