Fjelltur.jpg

Stranda 2018 >

Friluftsskule på Stranda i veke 27; 02.juli-06.juli

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Alle aktivitetane på måndag og tysdag er på dagtid frå ca kl 0900-1600, med ein tre dagars overnattingstur på Patchellhytta frå onsdag til fredag.

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Orientering
  • Mat på bål
  • Overnattingstur
  • Leikar mm

Leiarane på denne friluftsskulen er dei same som i 2017, og har har utdanning i friluftsliv frå Høgskulen i Volda.

Leiarane heiter Astrid Elberg Thomsen (koordinator), Ingrid Rui og Kristian Hanisch.

Eventuelle spørsmål om friluftsskulen så kontakt Astrid Elberg, mobil 46534256

 Men friluftsskulen kan og få besøk av eksterne rettleiarar som er svært dyktige i sine aktivitetar og som vi vonar blir ein ekstra inspirasjon for borna.

Deltaking kostar kr 500.- per barn. 

Du blir sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.  Vi gjer merksam på at vårt påmelding- og betalingssystemet er slik at du må melde på og betale for eit barn i gangen.  Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet to gangar.

Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar. 

Måndag 02.juli  - Aktivitetar i Stranda

0900-1600. Bading, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar

Tysdag 03.juli - Aktivitetar i Stranda

0900-1600. Aktivitetar i skogen, taujungel, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar.

Turplanlegging og tips til pakking av sekk og utstyr til turen

Onsdag 04.juli - Tur til Ytste Skotet

0900 Mest truleg oppmøte i sentrum og felles buss-transport inn i Ramstaddalen og fjelltur over til Ytste Skotet

Torsdag 05.juli - Ytste Skotet

Aktivitetar i området rundt Ytste Skotet

Fredag 06.juli - Ytste Skotet og  retur til Stranda sentrum

Aktivitetar i området rundt Ytste Skotet og retur til Stranda.

Returen er ikkje klarlagt per i dag, men friluftsskulen vert avslutta i Stranda sentrum innan kl 1600.


Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar.

  • Friluftsskulen har eit tak på 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar. 
  • Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.
  • Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.
  • Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar. 

12 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar.

Påmeldingsfrist torsdag 31.mai. 

Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Meld på i dag!

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.