20171123_113504.jpg


Stikk UT! gir samfunnsverdi

Kva er verdien av glede, livskvalitet og betre fysisk og psykisk helse? Om kvar tur får ein verdi på 100 kroner har Stikk UT! i Møre og Romsdal i sesongen 2017 ein samfunnsverdi på nesten 46 millionar kroner!

Oppsummering av Stikk UT! 2017

278 882 registrert turar i Nordmøre og Romsdal og 178 862 registrerte turar i medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd i perioden 1. mai til 31. oktober talar for seg sjølv: Stikk UT! motiverer fleire til å gå ut på tur. Turkassetrimmen er ein fantastisk suksess og kanskje det beste folkehelsetiltaket i landet. Ikkje rart at det var god stemning då Stikk UT!-kontaktene i medlemskommunane til friluftsrådet møttes for å oppsummere årets sesong på Ørskog Frivilligsentral. 

I kvar medlemskommune er det ei Stikk UT!-gruppe av frivillige som bestemmer kva for turmål som skal vere med i kvar sesong, og som gjer det fysiske arbeidet ute i felten med skilting, plassering av turkasser osb.  Og i kvar kommune er det ein tilsett som har ansvaret for å leie desse gruppene og vere kontaktpersonen til friluftsrådet. Etter kvar sesong inviterer friluftsrådet kontaktpersonane til oppsummering og erfaringsutveksling. Der deler vi informasjon og diskuterer vegen vidare neste sesong.

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har jobba med Stikk UT! i 12 år og i den delen av fylket er alle kommunane unntatt Rindal med. Sunnmøre friluftsråd starta turkassetrimmen i 2015 og har i dag 10 medlemskommunar. Målet på sikt er at også heile Sunnmøre skal bli del av Stikk UT!-familien.

Årets sesong er over, med nye rekordar: Talet på deltakarar aukar i alle kommunane som er med. I år var 8 270 personar i alle aldrar med på Stikk UT! på Sunnmøre. Det er ein auke på over fem tusen sidan starten i 2015. I Nordmøre og Romsdal er tala endå meir imponerande: 14 189 registrerte brukarar representerer heile 14 % av befolkninga!

Vi gler oss til sesongen 2018 - førebuingane har alt starta!