P1050676.JPG

Førstereis med Storeggen våren 2017. Arrangement i regi av fiskerimuseet i Ålesund og friluftsrådet som fagleg bidragsytar. Over 400 elevar i 4.klasse i Ålesund får oppleve og erfare ulike fiskar; Korleis dei kjennest ut, anatomi, kva fisken har i magen, filetering av fiskefilet mm. Og elevane får lage sitt eige fiskemåltid. Dette som ein av fleire postar denne dagen. Sjølvsagt er det  historier og formidling ombord på Storeggen.

Læring i friluft 2018 >

Tilbakemelding til friluftsrådet om ynskje av kurs og opplæring 2018

"Stedsbasert læring"

Friluftsrådet har i over 20 år arbeida for meir og bedre uteskule.

Friluftsrådet starta med dette arbeidet i 1994 fordi vi har eit brennande engasjement for at skulane skal kunne sjå og nytte moglegheitene i sitt nærmiljø til best mogleg undervisning og opplegg for borna.

I 2011 starta friluftsrådet med eit tettare samarbeid med over 20 skular i medlemskommunane i eit "Lærande nettverk". I dette nettverket har friluftsrådet arrangert ulike fagsamlingar og kurs for skulane i nettverket. Som ein raud tråd har mat ute og tur etter evne med utandørs livredning i ulike naturmiljø vore viktig.

Her kan du laste ned referat frå dei ulike nettverkssamlingane


Kvifor bruke tid på å fylle ut dette skjemaet?

Det er svært viktig fordi friluftsrådet kjem til å nytte denne tilbakemeldinga til å søkje om prosjektmidlar til Læring i friluft 2018.

Dersom friluftsrådet får prosjektmidlar kan vi arrangere dei kursa som de ynskjer anten heilt gratis eller til ein redusert kostnad.

Skulane kan og kjøpe kurs og opplegg med friluftsrådet som vi ikkje søkjer om midlar til. 

Generelt vil kurs i 2018 koste omlag 6000.- per arbeidsdag per rettleiar. Med eit deltakartal på omlag 20 deltakarar per rettleiar. 

Unntak er til dømes kajakk der retningsliner frå til dømes padleforbundet set klare krav til deltakartal per rettleiar.


Informasjon om utfylling av skjemaet under.

Skjemaet har tre overskrifter/delar: 

1 - Kontaktinformasjon skule; Vi treng skulen sitt namn, medlemskommune, einingsleiar/rektor og epost til einingsleiar/rektor.

2 - Kontaktinformasjon lærar(ar) - Friluftsrådet treng minimum ein kontaktlærar i kvar skule. Men nokre skular i nettverket har hatt fleire kontaktlærar så det er mogleg å fylle ut kontaktinformasjon til inntil tre lærar ved skulen i dette skjemaet. Felt for kontaktlærar 2 og 3 med e-post adresse er ikkje obligatoriske.

3 - Ynskje om kurs og nettverkssamling 2018 - Friluftsrådet søkjer om midlar til kurs basert på tilbakemeldinga dykkar i dette skjemaet. De kan sette fleire kryss


Frist til tilbakemelding er fredag 1-desember 2017


Kontaktinformasjon skule
Skule:* 
Medlemskommune:* 
I kva medlemskommune ligg skulen










Einingsleiar/rektor:* 
Namn på einingsleiar/rektor ved skulen
E-post adresse til einingsleiar:* 
Kontaktinformasjon lærar
Namn på kontaktlærar:* 
Mobiltelefon til kontaktlærar:* 
E-post adresse til kontaktlærar:* 
Klassetrinn/stilling:* 
Kontaktlærar 2: 
E-post kontaktlærar 2: 
Kontaktlærar 3: 
E-post kontaktlærar 3: 
Ynskje om kurstilbod 2018
Lærarkurs 2018:* 
Feltet er obligatorisk. Men de kan sette inn fleire kryss/alternativ.















Anna? - spesifiser her: 
Tegn igjen
Deltakartal og anna informasjon: 
Kor mange lærarar er kursa aktuelle for? Er det mest aktuelt med kurs på ein 1/2 dag, ein kveld, eller ein heil dag?
Tegn igjen
Nettverkssamling 2018:* 
Friluftsrådet har arrangert ei fagsamling for lærarar over to dagar i slutten av mai sidan 2011. Samlinga har vore lagt til nærområdet til ein vertsskule og erfaringsdeling og praktisk fagleg påfyll er sentralt. Skal friluftsrådet arrangere nettverkssamling i slutten av mai 2018?





Elev/lærar-rettleiing:* 
Ynskjer skulen at friluftsrådet skal stille med ein rettleiar som i lag med lærar(ane) bidrar med planlegging og praktisk gjennomføring for elevane ute? (Fagleg utetid/utedag med klassen)


Utfyllande informasjon: 
Gjer vel og skriv kort om kva de ynskjer. Kva emne/tema er aktuelt? Deltakartal (kor stor er aktuelt elevtal på trinnet/klassestorleik) Kor mange lærarar er med? Tidsplan (dobbeltime/halv dag/heil dag)?
Tegn igjen