Ansok1.jpg

Bli med på turkorttur

10 turar i 10 kommunar! Friluftsrådet er i gang med å lage nye turkort med detaljert informasjon om relativt enkle turar, ein i kvar medlemskommune. Frå onsdag 25.10. og i dagane framover inviterer vi alle som har lyst til å vere med på å gå turane for å dobbeltsjekke at opplysningane i kvart turkort blir rette før trykking.

Mange av turane er med i Stikk UT! 2017. Har du ikkje sikra deg kodane enno er dette eit flott høve til å oppleve desse turane før sesongslutt den 31. oktober. Her er turplanen:

Onsdag 25. oktober:
Sula: Nøringset. Start frå parkeringsplassen på Nøringset kl. 11.00.
Torsdag 26.oktober:
Ålesund: Lerstadvatnet og Hatlaåsen. Start frå Lerstad barneskule kl. 11.00.
Fredag 27. oktober:
Vestnes: Åsnakken. Start frå parkeringsplassen på Åsbøen kl. 11.00.
Laurdag 28. oktober:
Stordal: Kokarsteinen. Start frå Dyrkorn sentrum kl. 10.00.
Stranda: Ansok. Start frå den nedlagde møbelfabrikken på Ringset i Liabygda kl. 14.00.
Søndag 29. oktober:
Haram: Sethsdemma og Eventyrskogen på Lepsøy. Ferje frå Skjeltene kl. 09.38. Ta med bilen på ferja. Parkering ved Prestegarden. Denne turen passar spesielt godt for barnefamiliar.
Måndag 30. oktober:
Skodje: Apalviksætra. Start frå parkeringsplassen ved starten av sætrevegen i Solnørdalen kl. 10.00.
Ørskog: Hestvika. Start frå parkeringsplassen i Skråvika kl. 14.00.
Tysdag 31. oktober:
Norddal: Kroken - gamlevegen i Norddal kl. 11.00. Parkering ved Dalsbygda barnehage.
Onsdag 1. november:
Giske: Rundtur rundt heile øya Giske. Start frå Giske stadion kl. 11.00. (Til høgre i rundkøyringa rett over Giskebrua.)

Du finn detaljert informasjon om dei fleste av turane under Stikk UT!-fana på framsida på www.friluftsraadet.no eller appen Morotur. Turane går i roleg tempo. Inga påmelding, det er berre å møte opp. Kle deg etter veret og ta med mat og drikke. Alle er velkomne!