P5050282_2286.jpg


Kajakkurs laurdag 21. og søndag 22.oktober >

Friluftsrådet inviterer ungdom/vaksne til grunnkurs hav etter kursstigen til Norges Padleforbund  Kurset vert arrangert på Stafsethneset i Vegsundet i Ålesund. Prisen er rekordlåg: Berre kr. 200 pr. person inkl. våttkort.

Kurset går over 16 timar fordelt på to dagar frå kl. 10 til 18.

Deltakarane treng tørrdrakt eller våtdrakt. 

Friluftsrådet har nokre våtdrakter til utlån og held også kajakkar.
Dei som helst vil bruke eigen kajakk er velkomne til det.
Husk å ta med varmt og tørt klesskift og rikeleg med mat og drikke!

Ufyllande informasjon blir ettersendt til påmeldte

Pris pr. person er kr 200.- inkludert vått kort.

NB! Kurset må betalast direkte i nettbutikken som du kjem til etter at du har fylt ut påmeldingsskjemaet.

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte!

Det er berre 8 plassar  på kvart kurs, meld deg på så raskt som råd. 


Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.