P5050287_2291.jpg


Kajakk-kurs i oktober

Friluftsrådet arrangerer to padlekurs med vått kort for ungdom/vaksne i veke 42. Kursa går over 16 timar fordelt på to dagar for kvart kurs.

Kajakkurs for ungdom/vaksne i oktober

Begge kursa går over 16 timar fordelt på to dagar frå kl. 10 til 18. Det første blir i samarbeid med Ålesund- Sunnmøre Turistforening torsdag og fredag 19. og 20. oktober. Det andre kurset blir laurdag og søndag 21. og 22. oktober.

Deltakarane treng tørrdrakt eller våtdrakt. Friluftsrådet har nokre våtdrakter til utlån og held også kajakkar. Dei som helst vil bruke eigen kajakk er velkomne til det. Husk å ta med varmt og tørt klesskift og rikeleg med mat og drikke!

Det er inntil 8 plassar på kvart kurs - ver rask med påmelding!

Deltakarane kan anten nytte eigen kajakk - eller nytte ein av friluftsrådet sine nye kajakkar innkjøpt i sommar med støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.

PS! Betaling av kurset må gjerast direkte under påmelding. Ein blir sendt direkte til nettbutikken vår så gjer vel og ha betalingskort klart ved utfylling av påmeldingsskjemaet.