samarbeid.jpg

Frå venstre: Gunnar Godø, Bente Fiskerstrand, Ina Giske, Petter Sandvik, May Britt Haukås, Eirik Johan Kårby, Anja Helen Rønstad og Ingeborg Hukkelberg. Vegard Wågan var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Samarbeid om rydding av marint søppel

No blir det full fart i arbeidet med å rydde marint søppel i Borgundfjorden, Ellingsøyfjorden og i Giske. Når mange samarbeider og koordinerer innsatsen er det stor von om at vi i løpet av hausten skal greie å fjerne tonnevis av plast og anna søppel som samlar seg i fjørsteinane.

Ellingsøy Idrettslag, Plastfritt Giske og Sunnmøre friluftsråd i samarbeid med Årim har alle fått pengar frå Miljødirektoratet til innsats mot marin forsøpling.  Dei ulike søknadane dekkjer delvis dei same områda og alle har planar om formidling og undervisninsmateriell. Og alle er avhengige av stor frivillig innsats frå dugnadsfolk og skuleklasser skal vi kome i mål.

I staden for å gjere dobbelt arbeid kvar for oss, vil vi koordinere og samarbeide slik at vi får til mest mogleg rydding for pengane. Første samarbeidsmøtet der vi presenterte planane for kvarandre og diskuterte felles løysingar vart ein suksess. No går vi i gang - meir informasjon kjem etter kvart.