Skjermbilde_Naturlos_2017.JPG


Bli med på tur i haust

Naturlosavisa for hausten er klar, her finn du 60 flotte turar og arrangement å vere med på.

To gonger i året gir Sunnmøre friluftsråd ut Naturlosavisa som "napp ut bilag" i Nytt i Uka. No er utgåva for hausten 2017 klar. Her har vi samla informasjon om turar og arrangement i regi av mange ulike aktørar i medlemskommunane. Felles for dei er at dei er gratis å vere med på og at der minst er ein leiar med. Fleire av turane går til Stikk UT!-turmål, og her er noko for alle: Både enkle og meir krevjande turar. Er du glad i å gå på tur med andre, sjekk mangfaldet som finst og bli med på det som passar for deg!
download   Naturlos_august_2017.pdf