Lunsj_ombord._Foto_Staale_Wattoe__Sunnmoersposten.jpg

Frå "Arbeidsbåtcruiset" med Mørebenken. Rigmor Andersen Eide i midten. Foto Staale Wattø, Sunnmørsposten.

No blir det Skjergardsteneste!

Det nyttar å jobbe for det ein meiner er viktig. Rigmor Andersen Eide (Krf.) på Mørebenken er pådrivaren som har hovudæra for at det no er løyvd 5 mill. kroner i revidert statsbudsjett til etablering av Skjergardsteneste i Møre og Romsdal.

I august i fjor inviterte Sunnmøre friluftsråd stortingspolitikarane på Mørebenken til å vere med på tur med arbeidsbåten vår til nokre av friluftsområda vi har ansvaret for på øyar og holmar. Målet var både å vise dei nokre av friluftsperlene, men også å vise fram behovet for tiltak mot marin forsøpling. Kysten utanfor Møre er det området langs heile Norskekysten som er mest forsøpla av plast.

Sidan har det vore jobba jamt og trutt av mange og på fleire ulike arenaer for å forklare at søpla ikkje stoppar der grensa går mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, der Skjærgårdstjenesten stoppar i dag.

Når mange jobbar mot same mål og dreg i same retning blir det resultat. Heilt avgjerande vart det at Rigmor Andersen Eide har kjempa i Nærings- og miljøkomiteen på Stortinget for ei utviding av Skjærgårdtjenesten til Møre og Romsdal. I dag vart det klart: Ho har lukkast i å få dei andre politikarane med seg og fått sett av 5 mill. som er øyremerka til etablering av denne tenesta i Møre og Romsdal. Dei to friluftsråda i fylket skal jobbe saman om tenesta.  Vi gler oss til å kome i gang og til å utvikle denne tenesta i heile fylket.