IMG_0477.JPG


Stranda 2017 >

Friluftsskule på Stranda i veke 27; 03.juli-07.juli

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Alle aktivitetane på måndag og tysdag er på dagtid frå ca kl 0900-1600, med ein tre dagars overnattingstur på Patchellhytta frå onsdag til fredag.

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Orientering
  • Mat på bål
  • Overnattingstur
  • Leikar mm

Friluftsskulen kjem til å ha tre vaksne leiarar som er saman med borna gjennom heile friluftsskulen og i alle aktivitetane. Leiarane har utdanning i friluftsliv frå Høgskulen i Volda.

 Men friluftsskulen kan og få besøk av eksterne rettleiarar som er svært dyktige i sine aktivitetar og som vi vonar blir ein ekstra inspirasjon for borna.

Deltaking kostar kr 500.- per barn. 

Du blir sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.  Vi gjer merksam på at vårt påmelding- og betalingssystemet er slik at du må melde på og betale for eit barn i gangen.  Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet to gangar.

Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar. 

Måndag 03.juli  - Aktivitetar i Stranda

0900-1600. Bading, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar

Tysdag 04.juli - Aktivitetar i Stranda

0900-1600. Aktivitetar i skogen, taujungel, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar.

Turplanlegging og tips til pakking av sekk og utstyr til turen

Onsdag 05.juli - Tur til Patchellhytta

0900 Mest truleg oppmøte i sentrum og felles minibuss-transport inn i Habostaddalen og tur til Patchellhytta

Torsdag 06.juli - Patchellhytta

Aktivitetar i området rundt Patchellhytta

Fredag 07.juli - Patchellhytta og  retur til sentrum

Aktivitetar i området rundt Patchellhytta. Retur til Habostaddalen

Mest truleg felles minibuss transport ned til sentrum til kl 1600.


Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar.

  • Friluftsskulen har eit tak på 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar. 
  • Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.
  • Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.
  • Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar. 

24 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 24 timar. Send ein epost til christer(a)friluftsraadet.no og forklar kva som har hendt med referanse til det barnet som er påmeldt/betalt inn for også ordnar vi plass til barn nummer to! 

Påmeldingsfrist onsdag 14. juni. 

Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Meld på i dag!

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.