IMG_0477.JPG

Stavsethneset 2017 >

Friluftsskule på Stavsethneset i veke 26; 26.juni-30.juni

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca kl 0900-1600, med ein avsluttande overnattingstur.

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Kajakk
  • Orientering
  • Mat på bål
  • Tur med ÅST
  • Overnattingstur
  • Leikar mm

Friluftsskulen kjem til å ha tre vaksne leiarar som er saman med borna gjennom heile friluftsskulen og i alle aktivitetane. Leiarane har utdanning i friluftsliv frå Høgskulen i Volda.

 Men friluftsskulen vil og få besøk av eksterne rettleiarar som er svært dyktige i sine aktivitetar og som vi vonar blir ein ekstra inspirasjon for borna.

Deltaking kostar kr 500.- per barn. 

Du blir sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.  Vi gjer merksam på at vårt påmelding- og betalingssystemet er slik at du må melde på og betale for eit barn i gangen.  Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet to gangar.

Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar. 

Måndag 26.06 - Aktivitetar Stavsethneset

0900-1600. Bading, kajakk, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar

Tysdag 27.06 - Aktivitetar på Stavsethneset

0900-1600. Orientering, bading, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar

Onsdag 28.06 - Tur med Ålesund-Sunnmøre turistforening (ÅST)

0900-1600. Turdag med ÅST, informasjon om turmål og oppmøtestad vert sendt til påmeldte deltakarar

Torsdag 29.06 - Overnattingstur til Svinøya i Ellingsøyfjorden

0900. Oppmøte på Skuggenkaia. Båt til Svinøya. Bading, aktivitetetar, mat på bål mm

Fredag 30.06 - Aktivitetar på Svinøya og retur til Skuggenkaia

Bading, leik, leiarstyrte aktivitetar og matlaging. Pakking og retur til Skuggenkaia kl 1600.

Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar.

  • Friluftsskulen har eit tak på 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar. 
  • Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.
  • Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.
  • Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar. 

24 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 24 timar. Send ein epost til christer(a)friluftsraadet.no og forklar kva som har hendt med referanse til det barnet som er påmeldt/betalt inn for også ordnar vi plass til barn nummer to! 

Påmeldingsfrist onsdag 31.mai. 

Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Stavsethneset vart kjapt fullteikna i fjor med venteliste. Meld på i dag!

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.