Skjermbilde_brosjyre.JPG


Stikk UT! 2017

1. mai opnar Stikk UT!-sesongen 2017. No er det meste klart, sjølv om nokre turar ikkje får på plass kode og turbok før snøen har smelta. Det er likevel nok av turar å starte med: I år har du 136 ulike turar å velje mellom, og Stranda kommune er med for første gong.

Årets turar har noko for dei aller fleste: Korte og lange, bratte og flate, fjell og fjøre, kyst og innland. Også dei som vil på tur med barnevogn, sykkel, rullestol eller rullator vil finne turar som passar.

Du finn informasjon om alle turane under det raude Stikk UT!-banneret på framsida av nettsida. Karbrosjyren blir distribuert til alle husstandane i dei ti medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd i løpet av veke 17.

No er det berre å glede seg - vel møtt til Stikk UT! 2017 frå 1. mai til 31. oktober!

Les meir om Stikk UT! her