Barnekajakkar 2017 >

Barnekajakkar til gratis utlån for skular, SFO og lag og organisasjonar

Gjer vel og sett deg inn i informasjonen under:

Du får låne eit standardoppsett av  kajakkar og utstyr for ei barnegruppe og 2 til 4 vaksne rettleiarar.

Noko av utstyret er heilt nytt - innkjøpt våren 2017 med støtte frå Gjensidigestiftelsen!

Friluftsrådet kjem difor til å vere strenge på at du som lånetakar tek godt vare på utstyret og leverer dette tørt og reint tilbake, slik at vi unngår unødig slitasje.

Kapasiteten på dette utstyret er 13 sitteplassar i kajakk + 1 Sit on top redningsbåt .
De kan til dømes vere 12 barn og 2 vaksne rettleiarar.  Eller 10 barn og 4 vaksne rettleiarar.
I skjemaet under må du stadfeste at du har lasta ned rettleiaren for barnekajakkane og sjekka tilhengerkalkulatoren til Statens Vegvesen.

Her lastar du ned rettleiaren: ___________________

Begge hengarane er identiske i forhold til krav til tilhengersertifikat slik at det ikkje gjer noko om du tastar inn eit anna tilhengarnummer enn  den du eventuelt får låne.
Gul kajakkhengaren har registreringsnr: RD 5924
Raud kajakkhengar har registrerningsnr; RD 5925

Du får låne:

  • Kajakkhengar
  • 10 Hasle K400 barnekajakkar (med tett bakskott)
  • 2 Current Design Sirocco (Litt stor for dei minste barna, men gir fleksibilitet i forhold til å kunne vere fleire vaksne rettleiarar)
  • 1 Current Design Storm vaksenkajakk
  • 1 Sit on top - redningsbåt
  • 15 faste årer (ei reserve åre)
  • 1 delt åre (ekstra åre på tur)
  • 2 rumpetaske med slepeline (ca 6m)
  • 1 safety-kit (årepute, pumpe mm)
  • 1 kasteline 15 m
  • 2 Regatta action explorer padlevest (+ 90 kg)
  • 2 Regatta action explorer padlevest (70-90 kg)
  • 5 Regatta action explorer padlevest (50-70 kg)
  • 12 Regatta action explorer padlevest (35-50 kg)
  • 5 Regatta jr action explorer padlevest (25-40 kg)
  • 1 boks med svampar
  • 12 pakkstropper ~3,5 m til kajakkane
Ditt namn:* 
Namn på din organisasjon/skule/barnehage/SFO:* 
Di e-post adresse:* 
Ditt telefon/mobil nr:* 
Kryss av for målgruppe:* 









Kommune:* 
I kva kommune skal du bruke utstyret?











Barnekajakkar: 
Det er det same utstyret i begge hengarane. Men for å gjere det enklare å administrere utlån, og for lånetakar å pakke utstyret rett er det merka med farge



Frå dato:*  Velg dato
Til dato:* 
Hugs å legge inn to dagar ekstra for skylling og tørk av vestar mm
Velg dato
Dagar i bruk:* 
Av lånetida - kor mange dagar er utstyret i bruk?
Deltakarar under 18.år:* 
Totalt unike deltakarar. 12 barn i 3 dagar er 12 deltakarar
Deltakarar over 18.år:* 
Eg har laste ned og lest rettleiaren:* 
Eg har lasta ned og lest rettleiaren om ungdomskajakkane som friluftsrådet har skrive. (Rettleiaren finn du ved å klikke på lenka øvst på sida her)

Eg leverer utstyret tørt og reint:* 
Eg forpliktar meg til å tørke ut av kajakkane, og tørke vestar og anna utstyr før det blir returnert. Mottar eg utstyret vått tek eg det ut så det ikkje ligg vått i hengaren. Eg er innforstått med at friluftsrådet kan fakturere arbeidstid for å tørke og/eller pakke om utstyret dersom det ikkje er pakka jamfør rettleiaren

Eg kan køyre kajakkhengaren:* 
Eg har sjekka med tilhengerkalkulatoren til Statens vegvesen at eg har løyve til å køyre med denne kajakkhengaren på slep

Fritekstfelt-beskjed til friluftsrådet: 
Tegn igjen