bedrift_topp.png


Informasjon, Stikk UT! bedrift 2017

Bruk turkassetrimmen Stikk UT! til å skape samhald, trivsel og gode fellesopplevingar på jobben, bli med på årets  Stikk UT! Bedrift!

1. mai er ein dag mange ventar på: Då startar årets Stikk UT!-sesong i medlemskommunane til dei to friluftsråda i fylket. 

Stikk UT! Bedrift er eit eige tilbod til næringslivet med ei spesialtilpassa registreringsløysing.  I startåret 2016 brukte mange arbeidsplassar turkassetrimmen som eit positivt aktivitets- og trivselstiltak internt - og til å utfordre og konkurrere både mellom eigne tilsette og med andre bedrifter. Vi håper endå fleire blir med i 2017-sesongen.


bedrift_pakker.png

Tre pakkar

Bedriftene kan velje mellom tre pakkar til ulike prisar. Den rimelegaste gir tilgang til registreringsløysinga for bedrifter i Stikk UT!. Der kan deltakarane søke etter andre verksemder som er med, få opp topplister, ulike statistikkar og trekke ut vinnarar blant eigne tilsette. Topplista blir rangert etter gjennomsnittet pr. registrert deltakar slik at små og store arbeidsplassar kan konkurrere uavhengig av talet på tilsette.

Dei to andre pakkeløysingane kostar litt meir, men gir bedriftene i tillegg høve til å profilere seg på nettsidene til Stikk UT! og til å sponse eit turmål dei sjølv kan velje.

Stikk UT!-bedrift passar like godt for arbeidplassar i det offentlege, lag og foreiningar som til det private næringslivet.

Slik fungerer det


Bedriftene som vil vere med bestemmer seg for kva for ein pakke dei vil ha. Betaling skjer via nettsida til friluftsrådet. Bedriftene kan velge å betale med kort eller å få tilsendt faktura. Friluftsrådet registrer bedriftene i registreringsløysinga. Den enkelte arbeidsplassen legg så inn dei kollegaene som vil vere med. Så er det berre å gå i gang frå 1. mai. Det går også fint å melde seg inn etter at sesongen har starta.

Deltakarar som alt er registrerte i Stikk UT! slepp å registrere seg ein gong til for å bli med på både den vanlege topplista og i statistikkane for bedriftene. 



Her er lenke til påmeldingsskjema for Stikk UT! Bedrift

bedrift_plakat.png


Klikk her for å laste ned bildet til venstre som pdf fil.