brosjyre-2017-1.jpg


Om Stikk UT!

Stikk UT! er ein felles turkassetrim for alle medlemskommunane i friluftsrådet. Her er turar i fjell og fjøre, i innland og ved kysten, flate og bratte, lange og korte. Både dei som brukar rullestol eller trillar barnevogn, og dei som vil høgt til fjells, vil finne flotte turmål.


På turmåla er det sett opp turkasse der du både finn koden for Stikk UT!-turen og besøksbok du kan signere i. (Nokre stader er der berre kode, ikkje turbok) OBS: Du må registrere koden her på nettsida til Stikk UT! eller i mobilappen Morotur (last ned gratis til mobiltelefon) for å få turen registrert. Det er ikkje nok å skrive namnet ditt i turboka!

Slik gjer du det:

1. Gå inn på «Registrer deg» og fyll ut skjemaet. Under «Familiemedlemmer» kan du føre opp barn som ikkje har eiga e-postadresse. Når du seinare registrerer turkodar kryssar du av for dei som var med på turen.

2. På «Mi side» får du oversikt over turane dine.

3. «Toppliste» og «Statistikk» gir deg oversikt over både eigne og andre sine turar og turmål.

4. Under «Turar», «Sjå turar» og kvart kommunenamn finn du detaljert informasjon om kvart turmål.

5. Du kan registrere turkodane på nettsida  eller i mobilappen "Morotur". 

brosjyre-2017-2.jpg


Stikk UT! er ein populær turkassetrim dei alle fleste kan vere med på. 


Fysikken til den enkelte avgjer om ein tur er lett eller tung. Derfor gir kvar tur 1 poeng, uansett vanskegrad. På www.friluftsraadet.no finn du kart og forklaringar til alle turane.
I 2017 har Stranda kommune blitt medlem i Sunnmøre friluftsråd. Vi kan derfor tilby Stikk UT! og Stikk UT! Bedrift i 10 kommunar i sesongen 2017: Ålesund, Sula, Giske, Haram, Skodje, Ørskog, Vestnes, Stordal, Norddal og Stranda. Talet på turmål er auka frå 119 i 2016 til 136 i år. Heile 45 er nye i årets sesong.

Stikk UT! gir gode naturopplevingar, betre helse, meir lokalkunnskap - og det er moro! I tillegg er det gratis å delta.


Stikk UT!-sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.


brosjyre-2017-4.jpg


Eigen app for Stikk UT! og Morotur.no

Visste du at du finn informasjon om ca. 1400 turar i Møre og Romsdal på morotur.no? Både for sykkel, ski, padling og fotturar? Og at Stikk UT!-turane er med i denne turdatabasen?


Møre og Romsdal fylkeskommune står bak appen Morotur, som gir nyttig og fyldig informasjon om turar i fylket. Stikk UT! har ein sentral plass i appen. Du kan laste ned informasjon om turar, kart og også registrere kodane for Stikk UT!-turar. Appen er gratis og kan lastast ned både frå Google Play og App Store.

136 Stikk UT!-turmål på Sunnmøre og i Vestnes er resultatet av eit samarbeid mellom 10 kommunar, frivillige, grunneigarar og dei to friluftsråda i fylket. Men utan finansiering hadde det ikkje gått. Offentlege tilskot og private sponsorar er avgjerande for at Stikk UT! kan vidareførast.
Minst like viktig er det at mange, både små og store, unge og gamle, brukar tilbodet. Til fleire som deltek til lettare blir det å skaffe midlar og til å dokumentere kva turkassetrimmen betyr for folkehelse, glede og livskvalitet. I 2016 registrerte 6 713 deltakarar 149 128 turar i Stikk UT! Sunnmøre!
Tusen takk til alle som bidreg til å gjere Stikk UT! til ein stor suksess!

Registrer turane dine under Stikk UT!-banneren opp til høgre

Registrering:
Det er enkelt å registrere seg sjølv og familiemedlemmar som brukarar.

Statistikk:
Sjå statistikk fordelt på namn, kommune og turmål

Turkode:
Her skriv du inn koden du finn i turkassa


Stikk UT! Bedrift  
Bruk Stikk UT! som eit helsefremjande trivselstiltak på jobben. Konkurrer om flest turar internt og med andre arbeidsplassar. Eiga nettside for næringslivet med toppliste og høve til å gjere det betre enn konkurrenten!





brosjyre-2017-6.jpg

Allemannsretten gir rett til fri ferdsel og hausting i utmark, så lenge ein tek omsyn til natur, dyre- og planteliv og andre sin eigedom

Stikk UT! har turar for dei aller fleste, dei går til etablerte turmål og fargekoden fortel mykje om vanskegraden:

Grøne turar er dei kortaste og lettaste og skal i hovudsak gå på gode stiar og turvegar. Nokre av dei kan også folk i rullestol klare. Turane skal ha moderate stigningar.
Blå turar passar for dei fleste med litt turerfaring. Kan gå i stiar i terrenget og ha nokre bratte stigningar.
Raude turar er for erfarne turgåarar og krev gode fjellsko og turutstyr. Det kan vere krevjande parti på turen, både bratte og luftige område og elvar som må passerast.
Svarte turar er for erfarne fjellfolk med godt utstyr og kunnskap om kart og kompass/GPS. Turane er lange og kan ha bratte og vanskelege parti.

Dette bør du ha med på tur:
? Mat og drikke
? Klede etter vêret
? Turforklaringa (kart og kompass)
? Førstehjelpsutstyr (sportsteip, plaster og støttebandasje)
? Mobiltelefon (husk at det ikkje er dekning alle stader)
? Ev. sitjeunderlag, kniv, termos med varm drikke

Allemannsretten:
Å vere ute i naturen er helsebringande både fysisk og psykisk, og er ein viktig del av kulturen vår. Frå gammalt av har vi retten til å ferdast i skog og mark, i fjell og fjøre, ved elvar, vatn og på sjøen - uansett kven som eig grunnen. Vi kan hauste saltvassfisk, bær, sopp og blomar, men også inntrykk og opplevingar.
Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957 og gjeld i utmark. Der kan du
? Ferdast fritt til fots
? Sykle og ri på fjellet, og på sti i og til utmark i låglandet
? Bade i sjø, vatn og elv
? Raste og kvile
? Gå på ski i laussnø og preparerte løyper
? Plukke bær, sopp og blomar
? Fiske i sjøen. Barn under 16 år kan også fiske i ferskvatn utan fiskekort.
? Overnatte i inntil to døgn og minst 150 m frå hus eller hytte der det bur folk i låglandet
? Ha med hund - men følg reglar om bandtvang
Du har IKKJE rett til å skade naturen eller vere til sjenanse for grunneigar eller andre. Vis omsyn, respekter bandtvang og bålforbod (15.4. - 15.9.)

Ta med søppla heim!

Allemannsretten gjeld ikkje innmark (dyrka mark, hagar, tomter og liknande).


brosjyre-2017-7.jpg

Friluftsrådet er aktive på Facebook. Klikk på lenkene til høgre for å kome til sidene våre!

Stikk UT! på Nordmøre og Romsdal

Du finn meir informasjon og oversikt over alle turane på Nordmøre og i Romsdal på www.stikkut.no
Om du er registrert som brukar hos Sunnmøre friluftsråd kan du også registrere Stikk UT! turar du går i Romsdal og på Nordmøre og omvendt.



Sunnmøre friluftsråd er aktiv på Facebook!
Om du vil følgje med på aktiviteten vår under facebook så kan du klikke på lenkene under.

Vår hovudside om friluftsrådet sin aktivitet og Stikk UT!-Sunnmøre og Vestnes:

Vår hovudside for aktivitet- og ferietilbod til barn og ungdom:

Vår hovudside for Skikompis og trygg ferdsel i vinterfjellet:
brosjyre-2017-8.jpg

Sunnmøre friluftsråd: Vi inviterer til friluftsliv!

Takk til samarbeidspartnarane våre, utan dei hadde det ikkje vore råd å drifte Stikk UT!

Takk til:
Gjensidigestiftelsen

Møre og Romsdal fylkeskommune

Stiftelsen Kjell Holm

Friluftsrådenes Landsforbund

Sparebanken Møre



Informasjon om friluftsskular 2017 finn du ved å klikke på lenka under:
Stikkut_Sunnmoere_kart_70x50_trykk.jpg

Stikk UT!-kartet 2017. Klikk på lenka til venstre for å opne stort bilde

Kart over Stikk UT!-turar 2017