Myklebust_1.jpg

Gode skikompisrutiner - sjå skikompisen medan han køyrer.

Avlyst pga lite påmelding: Skikompis- og skredkurs 2016 >

Skikompis og skredkurs på Arena Overøye Stordal skisenter i vinterferien!

For ungdom i alderen 16.-18.år

Tidspunkt: måndag 22.-tysdag 23.februar
Klokka 1000-1630
Oppmøte på varmestova til Arena Overøye


Kursa tek utgangspunkt i boka Skikompis. Og vert arrangert i samarbeid med Arena Overøye Stordal Alpinsenter. www.arenaoveroye.no

Det vert fokus på Skikompismønsteret:
- som er å ta vare på kvarandre, vurdere terrengfeller og fareteikn.

Kurset går over to dagar i opningstida til Arena Overøye Stordal Alpinsenter.

Kursstart er kvar dag kl 10 med litt teori inne på varmestova til kl 1030 når heisa startar.
 Dette blir to svært lærerike dagar med mykje køyring og drilling av "skikompis - rutinar" og tips til å finne den beste snøen :-)

Svært dyktige rettleiarar underviser i små grupper for best mogleg opplegg og individuell rettleiing.
Vi tek sikte på ca 4 deltakarar per instruktør og eit maks tak på 6!

Det er ynskjeleg å tilpasse gruppene slik at dei som køyrer i lag til vanleg får vere på same gruppe og dermed får same grunnlag til kommunikasjon og erfaring etter kurset!

Her kan du lese og sjå om Skikompiskurset i 2015 i NRK Møre og Romsdal: Skikompis i NRK 2015

Utstyr:
* Ta med eige skiutstyr/brett eigna til kjøring utanfor preparert bakke
* Hjelm og skibriller
* Skredredningsutstyr; spade, sendar/mottakar og søkestang (kan evt lånast med oss)
* Liten dagstursekk som sitt godt på ryggen til å ha med spade og søkestang medan vi køyrer
* Det blir ei lunsjpause midt på dagen. Ta gjerne med niste og drikke.

Viktig om ryggsekk:
Den skal vere på ryggen heile dagen medan de køyrer og må difor sitte godt på kroppen!
Det er viktig at det er plass til spade og søkestang inni sekken - alt som heng på utsida kan utgjere ein fare for slag og skader ved fall.

Kursopplegget er gratis:

  • Rettleiing og instruksjon: gratis
  • Heiskort: gratis (viss du ikkje allereie har og kan nytte eige sesongkort/alpepass)
  • Eventuelt lån av skredredningsutstyr: gratis

Sidan dette er kurs med små grupper så blir det fort fullt!-meld deg på i dag!

Avlyst på grunn av lite påmelding!

Påmeldingsinformasjon
Førenamn på deltakar:* 
Etternamn på deltakar:* 
Gateadresse:* 
Postnr:* 
Poststad:* 
Informasjon om føresette
Fullt namn på føresett:* 
Epost til føresett:* 
Mobiltelefon/tlf til føresett:* 
Vi er tilgjengelig på telefon/mobil:* 
Det er svært viktig at Friluftsskulen har eitt kontaktnummer (helst mobil) der ein av dei føresette er å treffe under gjennomføringa av Friluftsskulen i fall vi skulle trenge å ta kontakt!
Fødselsår / alder:* 




Løyve til bruk av bilde og film
Bilde og film i media:* 
Får Friluftsskulen/journalistar ta bilde/film til medieomtale under Friluftsskulen?


Bilde og film til heimeside, trykt materiell ol:* 
Får Friluftsskulen ta bilde/film til heimeside, presentasjonar, trykt materiell og reklame for neste års Friluftsskule?


Sosiale media:* 
Får Friluftsskulen ta bilde/film til sosiale media som Facebook ol?


Heiskort og skredredningsutstyr
Treng du heiskort?:* 


Treng du å låne skredredningsutstyr:* 




Anna
Viktig informasjon om deltakar:* 
Har deltakar allergi eller er det anna viktig informasjon som Friluftsskulen må vite om? Gjer vel å svar eit kort NEI - eller gi litt informasjon til oss her
Tegn igjen
Fritekstfelt: 
Her kan du skrive litt meir nyansert om vassaktivitetar eller om det er andre ting som du vil informere Friluftsskulen om
Tegn igjen