Leia_Linge_1.jpg

Færingane Leia og Linge ved kai ved Sunnmøre Museum

Robåt/færing 2018

Friluftsrådet har to færingar til utleige også til private personar

Færingane Leia og Linge ligg ved kai i Nørvasundet hos Sunnmøre Museum.

Det er også Sunnmøre Museum som administrer utleiga.

Du kan leige ein eller begge færingane for ein dag eller for ein overnattingstur.

Nørvasundet ligg sentralt for roturar til Borgundfjorden, eller til Svinøya i Ellingsøyfjorden.

På vest- og sørsida av Svinøya er det eit offentleg friluftsområde som Friluftsrådet har driftsansvar for.

Der finn du to flytebrygger, kai, utedo og grillområde. Ei lita steinstrand, samt fleire fine grassletter for leik og aktivitetar eller overnatting.

Leia_Linge_3.jpg

Leia og Linge på veg mot Svinøya

Kontakt Sunnmøre Museum

Gjer vel og ta kontakt med Sunnmøre museum for lån av båtane