OrtoMountain_2.jpg

OrtoMountain til å teikne å diskutere skredproblem og ruteval i forhold til terreng og skredvarsel

Skredopplæring 2017 >

Friluftsrådet har ein del opplæringsmateriell til skred og redning.

Dette er til gratis utlån til skular/barnehagar/SFO og frivillige lag og organisasjonar.

Utlån til barn og unge vert prioritert

Dette er til dømes:

  • Sendar/mottakarar
  • Spader
  • Søkestenger
  • Dukker fylt med bobleplast
  • Feller

 Og eit plastfjell til turplanlegging og betre forståing for skredvarselet i www.varsom.no -spesielt i forhold til skredproblem og "skredrosa"/høgde.

Her kan du lese meir om fjellet

Last også ned våre presentasjonar om skikompis, vegval mm; Skikompismateriell

I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig.

Vi ber deg difor om å vente til du har motteke stadfesting frå oss. NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.

Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!

Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!

Ditt namn:* 
Din skule/barnehage/SFO eller organisasjon:* 
Di e-post adresse:* 
Din mobil/tlf:* 
Målgruppe:* 









Kommune:* 
I kva kommune skal du bruke utstyret?











Til dato:*  Velg dato
Frå dato:*  Velg dato
Talet på dagar i bruk:* 
Deltakartal over 18.år:* 
Deltakartal under 18.år:* 
Kameratredningsspader: 
Friluftsrådet har eit assortert utval av turspader i både plast- og metall. Inntil 18 stk totalt. Desse spadene vert og nytta til dømes under snøforming. Sett kryss for kva spader du ynskjer å låne, også må friluftsrådet sjekke om det er kollisjon med anna utlån




Søkestenger: 
Søkestenger til kameratredning toler dessverre svært lite bruk. Friluftsrådet har difor alltid nokre søkestenger som er "ute av drift" -eller treng reperasjon. Du kan låne inntil 15 stk. Men skriv kor mange du ynskjer å låne også må vi sjå over kor mange som er tilgjengeleg
Dukker til søk eller framgraving: 
Friluftsrådet sine suveren dukke til kameratredningsøvingar. 4 stk kjeledressar fylt med bobleplast. Lett å transportere med seg og gir naturleg kjensle når du treff med søkestang! 2 stk kasserte overlevingsdrakter er tyngre å transportere - men desse har både hette og sko for enda meir naturleg framgraving.






Sendar/mottakar: 
Friluftsrådet har både Tracker DTS og nokre eldre modellar til utlån. Dette materiellet er ikkje til å utruste ei gruppe på tur - men for at folk skal kunne få prøve dette kameratredningsmateriellet og ikkje minst øve på å bruke det! -tips:lån dukkene våre til å grave ned!
OrtoMountain: 
Sjå også eigen artikkel om fjellet. Fjell i "whiteboard"-materiale til å teikne og jobbe på!Svært godt eigna til å diskutere skredproblem og konkretisere skredvarselet frå varsom.no





Fritekstfelt: 
Spørsmål til Friluftsrådet? Vi har også truger, feller og akeflak. Feller kan du også bestille her - Friluftsrådet har inntil 14 par i 30mm og 50mm bredde
Tegn igjen