Taubru-1.jpg

Kjekt med taubruer! Foto: Trond Loge

Taubruer 2017 >

Dersom du har gått kurs med Friluftsrådet kan du få låne taubruene våre!

Friluftsrådet har utvikla eit konsept med bruk av statiske klatretau og nokre karabinarar og slynger for å lage taubruer mellom tre.

Opplegget fungerer bra for alle aldrar! Frå 4.klasse (ca 10 år) og oppover er opplegget så enkelt at borna klarer å lage slike taubruer sjølve - om du følgjer malen i opplegget. Her kan du laste ned rapporten om taubruer

Friluftsrådet låner ut taubruer gratis til lag og organisasjonar, skular, barnehagar og SFO. Føresetnaden er at ein av dei ansvarlege har fått opplæring av friluftsrådet

Aktivitetar for born og ungdom vert prioritert ved utlån.

I perioder er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig når du treng det.

Vi ber deg difor om å vente på stadfesting frå oss. NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.

Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!

Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!

Ditt namn:* 
Namn på din organisasjon/skule/barnehage/SFO:* 
Di epostadresse:* 
Mobiltelefon/tlf:* 
Målgruppe:* 










Kommune:* 
I kva kommune skal du bruke utstyret?











Talet på taubruer som du vil låne: 
Friluftsrådet har over 20 taubruer på lageret. Du får ikkje låne alle - men ein god del! Det er kjekkast med taubruer når ein har så mange at ein kan lage ein taujungel som ein kan klatre rundt i. DVS meir enn 3 :-)
Frå dato:*  Velg dato
Til dato:* 
Gjer vel og lån taubruene i to dagar ekstra for tørking og lufting før levering.
Velg dato
Talet på deltakarar under 18år:* 
Deltakarar over 18.år:* 
Om tryggleik:* 
Eg har lest og lasta ned Taubrurapporten til Friluftsrådet. Under opplegget blir det med ein ansvarleg vaksen som har fått kurs i bruken av taubruene. Taubruene er ikkje laga for å stå opphengt mellom trea utover aktiviteten der og då. Born skal berre leike i taubruene under tilsyn av vaksne

Viktig med lita skrift:* 
Eg er innforstått med at taubruene skal leverast komplette og tørre tilbake. Alle knutar på dei tjukke taubrutaua skal vere knytt opp att. Ved feil og manglar skriv eg ein beskjed til Friluftsrådet i taubrupakken det gjeld. Dette kan til dømes vere ei knute som ikkje gikk å knyte opp. Eg låner taubruene i to dagar ekstra for å tørke dei ved behov. Friluftsrådet sender faktura for kr 500.- per starta arbeidstime for eventuelt unødvendig ekstraarbeid. (gir de beskjed om knutar som ikkje går opp så er dette ikkje ekstraarbeid - gløymer de å gi beskjed så fakturerer vi kr 500.- per starta arbeidstime!)