Diskgolf 2017 >

Friluftsrådet har eit klassesett med allround diskar til diskgolf

Friluftsrådet låner ut gratis diskar til lag og organisasjonar, skular, barnehagar og SFO.


Aktivitetar for born og ungdom vert prioritert ved utlån.

Diskgolf er som namnet seier ein kombinasjon av golf og disk (Frisbee).

Kvar deltakar har sin eigen disk (Frisbee) og ein kan konkurrere mot seg sjølv eller andre.

Målet er då å treffe ein avtalt blink på færrast mogleg kast.

Det er fleire gode baner som er bygt rundt om i regionen.

Men det er og enkelt å lage si eiga bane ved å merke ei løype og postar/gjenstandar som ein skal treffe eller kaste gjennom.

Det er ein god strategi dersom fleire går løypa i lag at den som har kasta kortast kastar sitt neste kast når ein kjem til denne disken osv. Og at ein då sjølv held tellinga på talet på kast ein må bruke.

Diskgolf.no finn du meir informasjon om spelet, samt oversikt over baner på Sunnmøre mm.


I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig.

Vi ber deg difor om å vente du har motteke stadfesting frå oss.  NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.

Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!

Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!

Ditt namn:* 
Namn på din organisasjon/skule/barnehage/SFO:* 
Din epost:* 
Mobiltelefon/tlf:* 
Målgruppe:* 









Kommune:* 
I kva kommune skal du bruke utstyret?











Talet på diskar du vil låne:* 
Alle diskane er heilt like i 4 forskjellige fargar. Vi lånar ut diskane i sett på 5 stk.
Frå dato:*  Velg dato
Til dato:*  Velg dato
Talet på dagar i bruk:* 
Deltakartal under 18.år:* 
Deltakarar over 18.år:*