Naturlos 2017

NATURLOS er eit tiltak for å marknadsføre natur- og kulturvandringar og andre arrangement i medlemskommunane. I hovudsak er dette turar og arrangement i regi av lag og organisasjonar.

Friluftsrådet arbeidar no med nytt vårprogram for 2017

Naturlos_2016.JPG

Naturlosavisa vert sendt som innstikk til alle bustadane i medlemskommunane

Haustprogram 2016

Her er haustens Naturlosprogram. I alt er det 60 turar og arrangement i programmet, dei aller fleste i regi av lokale lag og organisasjonar. Her er både lette og meir krevjande turar.  Vi håper at det finst noko for dei aller fleste. 

Litt historikk:

I 2016 marknadsførte friluftsrådet 149 natur- og kulturvandringar med ca 3275 deltakarra

I 2015 marknadsførte friluftsrådet 139 natur- og kulturvandringar med ca. 3520 deltakarar i medlemskommunane gjennom to Naturlosaviser som innstikk i Nytt i Uka (vår og haust). I tillegg kjem ei rad andre arrangement som fekk eigne annonser i avisene og omtale på facebook-sida til friluftsrådet. Det same gjeld fleire andre turar og arrangement der friluftsrådet var med som arrangør, t.d. Postvegmarsjen i Ørskog.

I 2014 vart 119 natur- og kulturvandringar og arrangement marknadsført via Naturlos. Marknadsføringa vart gjort via annonsar, to innstikk i Nytt i Uka og via eiga og andre sine nettsider. Nytt av året var bruken av facebook-sida vår som ein aktiv kanal for informasjon om naturlos-turane. Med eit berekna gjennomsnitt på desse vandringane og arrangementa på 25 personar så deltok ca 2975 personar totalt.

NATURLOS er finansiert med midlar via Friluftsrådenes Landsforbund, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Miljødirektoratet og Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal.

Friluftsrådet vil og rette ein stor takk til alle lag og organisasjonar som arrangerer ei mengde turar og arrangement rundt omkring i kommunane og let oss marknadsføre desse.