Murvika_skodje.jpg

Frå Murvika friluftsområde i Skodje kommune som Friluftsrådet har ansvaret for. Toalettbygg oppe til høgre.

Drift

Friluftsrådet har ansvar for fleire flotte friluftsområde i regionen

Driftsavdelinga til friluftsrådet har ansvar for stell av fleire friluftsområde i regionen, samt vedlikehald av bygningar, flytebrygger og toalett.

Pål Henry Høyberg er driftsleiar i friluftsrådet. Klikk her for kontaktinformasjon

Her finn du liste over friluftsrådet sine Friluftsområde

Friluftsrådet har og ein god arbeidsbåt på 30 fot med landgangslem for stell og vedlikehald av friluftsområde på øyane og flytebryggene.

Friluftsrådet sin arbeidsbåt har plass i båthamna til Ålesund Motorbåtforening i Gåseidvika i Ålesund.  

   
     
20150506_115335.jpg

Ei strand blir til

På Stafsethneset har Friluftsrådet i mai 2015 opparbeida ei ny badestrand.

Her kan du lese meir om tiltaket og sjå bilder og film!


Arbeidsbaaten.jpg

Arbeidsbåten til Friluftsrådet

skriv inn mellomtittel her

Friluftsrådet har i 2014 hatt ansvar for drift, skjøtsel og tilrettelegging i 15 større friluftsområde i medlemskommunane.

 Av desse er 4 eigd av Staten, 8 av kommunane og 3 er i privat eige. Storleiken på desse områda er til saman på 1434 dekar. I tillegg har vi skrive avtale med Langsætrane Sameige for Øyna på Overøye i Stordal knytt til at friluftsrådet har teke over ansvaret for eit spelemiddelprosjekt der. 

Friluftsrådet har og delansvar for drift, skjøtsel og tilrettelegging av tiltak i andre statleg sikra område som Tueneset og Parrvika i Ålesund, Murvika i Skodje og Vassetvatnet i Sula.

Friluftsrådet har og ei rekkje eigedelar (tilretteleggingstiltak) i form av bryggjer, bruer, toalett, informasjonstavler, stiar, skiløyper etc som ein har heilt eller delvis ansvar for. Desse ligg i all hovudsak i regionalt viktige friluftsområde.

Friluftsrådet har teke ansvaret for å søkje midlar til tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging i alle dei statleg sikra friluftsområda i medlemskommunane. I 2014 vart det sendt 14 søknader, med eit samla tilskot på 765 000 kr

Gjennomførte tiltak i 2014 i dei statleg sikra friluftsområda var då;

* Svinøya i Ålesund: Opprusting av sti/trapp på sørsida

* Svinøya i Ålesund: Nytt toalett på vestsida

* Svinøya i Ålesund: Opprydding etter orkanen Dagmar

* Stafsethneset i Ålesund: Div opprydding etter orkanen Dagmar

* Spjelkavikelva i Ålesund: Reparasjon etter hærverk på toalett v/Sandingane

* Bolvika i Sula: Grillplass, turveg, benkar mm

* Vassetvatnet i Sula: Ny parkeringsplass ved Jentavika med tilkomst til turveg


I tillegg til dette er det og gjort div anna arbeid som;

* Sluttføring av arbeid med nye toalett på Brauta og Vaksvikfjellet i Ørskog kommune

* Reparasjon av toalett på Langevågsholmane i Sula kommune

* Bidrege til skilting av turstiar i Ørskog kommune i samarbeid med Ørskog Frivilligsentral


I 2014 er det brukt vel 1500 timar av tilsette i friluftsrådet (fast tilsette og engasjerte) i arbeidet ute med drift, skjøtsel og tilrettelegging. I tillegg kjem arbeid knytt til prosjektering, søknader, rapportering mm.

Friluftsrådet har og i tillegg hatt god hjelp frå andre i dette arbeidet, som;

* Mauseidvåg og Solevåg Idrettslag - vask av toalett på Taustua

* Stordal Idrettslag, langrenn - vask av toalett på Overøye i Stordal

* Vigra Kristelege Ungdomslag - vask av toalett på Blimsanden i Giske

* Gjersetdalen Villmarksområde BA - vask av toalett i Gjersetdalen i Haram

* Ålesund Rotary Øst - Dugnad Svinøya

* Lions Vegsundet - Dugnad Stafsethneset

* Vestnes Rotary - Dugnad Kråkvika

* Borgund vidaregåande skole - Bygging av toalett mm. på Svinøya