popcorngryte.jpg


Utlån utstyr

For å stimulere til meir aktivitet og turar ute , både i friluftsområda og elles i regionen, har Friluftsrådet investert i utstyr som er til gratis utlån til skular, barnehagar og lag og organisasjonar i medlemskommunane.

Popcorn ute over bål smakar best!

Popcorngrytene er opne slik at ein ser poppinga!

Ekstra stas å vente på at noko godt skal skje.

Det er eit godt tips å ha litt olje i gryta slik at ein får noko som overfører varmen til popcornet. Eit anna tips for ekstra vellukka popping er å ha popcornet i bløt i vatn 10-15 minutt før popping. Det er fuktigheita inne i popcornet som gjer at det plutselig poppar og blir godt og sprøtt!

juni 2017 - Om kajakkane

Vi har fått midlar frå Gjensidigestiftelsen til å fornye kajakkane i utstyrsbasen!

Vi har investert slik at vi no har 4 hengarar med kajakkar til ulike målgrupper/brukarar!

Friluftsrådet har to hengarar med kajakkar for barn,  ein hengar med kajakkar for ungdom/vaksne og ein hengar med lavterskel "sit on top" kajakkar.

Tre av hengarane har kasse til årer og vestar og anna utstyr. Utlånssystemet vårt er difor slik at du låner ein "komplett" hengar med fast standardutrustning.

Sidan vi no får mykje flott og tipp topp utstyr til GRATIS utlån er det berre å gle seg til ein aktiv sesong!

Aktivitetar og opplæring til barn og unge er prioriterte målgrupper for utlån av utstyret.

 Mykje av utstyret ligg på lageret vårt på Kongshaugstranda 105 i Sula kommune. Men Friluftsrådet har og litt utstyr til utlån liggande i kvar medlemskommune.

Utstyr sentralt hos Friluftsrådet:

Heile året                      Mat ute 2017; popcorngryter, steikeheller, store gryter, bålkaffikjel, skjerefjøler, stormkjøkken mm
Orientering 2017; Kompass og orienteringspostar
Sommar Lavvo
Barnekajakkar 2017;  to hengarar komplett utstyrt.
Ungdomskajakkar 2017 - ein hengar komplett utstyrt.

Lav terskel kajakk 2017; Ein hengar med sit in top kajakkar, enkle og dobble, og ein vanleg dobbel kajakk med ror. 

Diskgolf 2017
Taubruer 2017
Vinter  
Truger 2017
Spader - sjå skredredningsutstyr under
Snøformingssett
Skredredningsutstyr

For bestilling av utstyr som ligg hos Friluftsrådet må du klikke på lenka til det utstyret du ynskjer og fylle ut skjemaet som ligg der!

Du kan og holde musa over menypunktet og velge "pop up" snarvegen direkte til det utstyret du ynskjer.

Utstyr i din kommune:


 GPS'ar er i regelen til utlån anten via biblioteket eller servicetorget til kommunen.

Dette utstyret vert lånt ut via Frivilligsenteret i kommunen, med unntak av Stordal kommune. Der vert utstyret lånt ut frå skulen.

Mengd Kva
2 stk Garmin Oregon GPS m/kart
1 stk 8-manns Ovnslavvo
1 stk Bålpanne og steikepanne, gryte
1 stk Popcorngryte
10 stk Grillspyd
1 stk Øks og sag
1 stk Vikingspelet kubb
2 stk Taubruer
Leia_Linge_2.jpg

Færingane Leia og Linge som er til utleige også til privat personar

Færingane Leia og Linge

Friluftsrådet har også to færingar som er til utleige også til privatpersonar.

Båtan ligg ved Sunnmøre museum, som og administerer utleiga.

Gjer vel og kontakt museet for å avtale lån